Ikornnes Hornmusikk


Go to content

Æresmedlemer


Æresmedlemer

John Sætre




Jonas Lekanger

Emil Sætre

John Sætre vart utnemd til æresmedlem på jubileumsfesten i 1970.
Han var alt i 1937 med å spela i "Lurlåt". Seinare var han Ikornnes Hornmusikk sin faste dirigent i 13 år.
Han var også dirigent for mannskoret på Ikornnes i 8 år. John Sætre la ned eit stort arbeid i korpset
med opplæring av aspirantar og han var i mange år ein sentral person i sang og musikklivet på
Sørestranda. For denne innsatsen fekk han i 1975 Norges Musikkorps Forbund si fortenestemedalje.
Han døydde 23.oktober 1975.

Jonas Lekanger vart utnemd til æresmedlem på jubileumsfesten i 1975. Han fekk Norges Musikkorps
Forbund si fortenstemedalje for 35 års tjeneste som aktiv musikar på 20 års jubileet til korpset.Han hadde
då vore aktiv musiker i 36 år. Jonas Lekanger var aktiv heilt fram til 1981 og var såleis med 47 år i korps.
Han var og med å skipe korpset og la ned eit stort arbeid med notekurs og opplæring av aspiranter
igjennom mange år, langt opp i penjonistalderen. Han døydde i September 1987.





Emil Sætre vart utnemd til æresmedlem på jubileumsfesten i 1975. Han var korpset sin faste
bassist i 25 år til han slutta i 1978. Han var ein av dei som danna ryggrada i korpset gjennom desse åra.
Han sat mange år i styret for korpset og han var ein av dei som vart sett stor pris på i korpset på grunn
av sitt gode lynne og trufaste frammøte. Han døydde 12.Juni 1999


Back to content | Back to main menu