Ikornnes Hornmusikk


Go to content

Attersyn

Attersyn


Ikornnes Hornmusikk, skipa torsdag 1. juni 1950.



Frå fyrste møteboka slik vi finn henne i protokollen, kan vi lese:
Torsdag den 1.6.1950 vart det kunngjort møte på "Høgetun" for å prøve korleis det låg til rette for eit hornmusikklag på Ikornnes. Det viste seg at interessa var stor. Over 40 stk. var møtt fram, og alle var svært oppglødde for saka. Formannen i Sunnmøre Hornmusikklag, Karstein Oddmund Vik, var til stades og gav ei utgreiing om kjøp av instrument, om arbeidet i Sunnmøre Hornmusikklag og ymse andre ting. Det var fyrst og fremst eit pengespørsmål, og det vart diskutert att og fram om korleis dette kunne ordnast. Instrumenta var dyre, og ein kom til at det ville gå med 8 - 9000 kroner i fyrste omgang for å få dei mest turvande instrument. Det vart vedteke å prøve med ei liste i krinsen, slik at alle fekk høve til å teikne seg for det dei meinte å kunne avsjå til formålet.
Til samarbeidsutval vart desse valde: Ottar Erstad, Jonas Lekanger og Bjarne Sandnes.
30 lagslemer teikna seg som aktive og ville ha instrument.

Vi er visse på at vi har dei fleste i krinsen med oss i dette tiltaket, og vi ber med dette alle vere budde på at vi med det fyrste kjem til å traske rundt med ei liste. Om summen er liten eller stor, får vi berre vera like blide og takksame.
Vonleg vil vi alt neste 17. mai kunne stille med eige musikklag i 17. maitoget.


Ikornnes 1. juni 1950.
I arbeidsutvalet:

Jonas Lekanger
Ottar Erstad Tomas Strandabø.


På innsamlingslista som ein gjekk rundt med, kom det inn kr. 3.790,-. Fyrste instrumentet var ein B-kornett, pris kr. 580,-, kjøpt den 1. juli 1950. Vidare vart det kjøpt ein B-kornett, ein Ess-bass, to alteit flygelhorn og to tenorhorn. Ein del av medlemane kjøpte og instrument sjølve.

Den 23. august 1950 vart korpset innmeldt i Sunnmøre Hornmusikklag.
Det vart teke kontakt med Kåre Garshol og han heldt notekurs om hausten 1950 og våren 1951.
Første opptreden var på juletrefesten 1950. Ein spela utan dirigent og med fylgjande besetning: 3 kornettar, 2 althorn, 1 flygelhorn, 2 tenorar, 1 klarinett og 1 bass.
Det var no øving ein gong for veka i Ungdomshuskjellaren på Ikornnes. Korpset kjøpte inn ved og koks til å fyre med om vinteren, og fyringa gjekk på omgang mellom medlemane.


17. mai 1951 var korpset for fyrste gong med i 17. maitoget. Dei var ikkje så mange, men det vart likevel ei ekstra stemning i toget dette året, når krinsen hadde fått sitt eige musikkorps.


I 1952 fekk korpset det fyrste tilskotet frå Sykkylven Kommune på kr. 150,- for speling på høgtidsdagar.
Våren 1953 reiste korpset for fyrste gong ut av bygda på musikkstemne. Turen gjekk til Ulsteinvik der Musikklaget "Ulf " arrangerte eit vellukka jubileumsstemne.


Den 7. mai 1954 vart det gjort innkjøp av dei fyrste musikkhuene, slik at heile korpset kunne stille i kvite huer til 17. mai.
Korpset spela årvisst i krinsane Riksheim, Tusvik og Hundeidvik på grunnlovsdagen. For at ein skulle nå over desse stadane om morgonen, vart korpset køyrt i lastebil, og dei stod på lastekassa og spela.


Frå hausten 1954 var korpset nede i 18 medlemar. Sidan "Lurlåt" og hadde få medlemar, spela vi ilag med dei 1. og 17. mai og då den Islandske president Asgeir Asgeirson vitja bygda. Som ei fylgje av dette samarreiste også korpsa ilag på musikkstemne til Ørsta våren -55.

Frå hausten 1955 tok John Sætre over dirigentstokken.

I april 1956 arrangerte J. E. Ekornes Fabrikker tur for dei tilsette til Bergen med "Brand IV". Korpset vart invitert med, og dei spela om bord i båten under turen, og det vart også spela i Bergen. Dette var fyrste gongen korpset var med på ein langtur.


I 1959 var korpset med på Song- og Musikkdagen i Straumgjerde. Då hadde korpset 16 aktive medlemar, men av desse var det berre 9 som hadde høve til å vere med. Likevel framførte korpset "Sommer i Tyrol".


12. juni 1960 arrangerte Ikornnes Hornmusikk Song- og Musikkdagen. Dette var fyrste gongen korpset tok på seg eit større arrangement.


I 1961 skulle det vere musikkstemne i Ålesund. Ikornnes Hornmusikk, "Straumshorn" og Velledalen Hornmusikk vart då samde om å øve saman med tanke på stemnet i Ålesund. Stemnedagen kom, og det var i alt 52 delsom vart med. "Straumshorn" hadde då grøn musikkuniform, medan Velledalen og Ikornnes berre hadde kvite huer. Denne blandinga såg nok litt merkeleg ut for Ålesundarane, for under defileringa i gatene høyrdest ei røyst frå fortauet: "Der kjem Sykkylven blandakorps".


Året 1966 var eit av dei dårlegaste åra korpset har hatt. Berre 10 - 12 medlemar var med, og korpset syntest dette var for lite å stille med i 17. maitoget. Dette var den einaste 17. mai sidan korpset vart skipa at det ikkje har spela i toget.


Om hausten 66 vart det samankalla til krinsmøte for å drøfte den vanskelege rekrutteringssituasjonen. Det vart her vedteke å danne eit aksjonsutvalg som først og fremst skulle skaffe korpset kapital, og Konrad Gjerde vart vald til første formannen.

17. mai 1967 stilte Ikornnes Hornmusikk i nye uniformer, og den 28. mai arrangerte laget Song- og Musikkdagen der alle kor og korps i bygda var inviterte.
29. oktober 1967 vart aspirantgruppa i korpset utskild som eige korps med namnet Ikornnes Juniorkorps. Desse fekk då overta 16 instrument frå vaksnekorpset slik at dei fekk eit startgrunnlag.


I 1968 slutta John Sætre som dirigent etter 13 års virke, og musikkinstruktør Edmund Piwowarski sa seg viljug til å dirigere korpset, til det var mogeleg å få fatt i ein ny dirigent.


I juni 1970 hadde korpset 20-års jubileum. Jubileumsfesten vart tilskipa på Svanesalen på Ikornnes med gjester frå kor og korps i bygda. På denne festen vart korpset sitt banner overlevert. Dette var ei gåve frå industrien på Ikornnes. I høve jubileet vart det laga ei medalje som vart utdelt til musikarane. Jonas Lekanger fekk tildelt Norges Musikkorps Forbund si medalje for 35 års teneste som aktiv musikar. John Sætre vart utnemt til æresmedlem.
Jubileumsturen vart lagt til landsstemne i Trondheim.


Våren 1971 fekk korpset melding om at Piwowarski hadde vorte sjuk, og få veker etter døydde han. Den syrgjelege bodskapen gjorde eit djupt inn-trykk i korpset. John Kurseth tok då ta over som dirigent. Dette var eit arbeid som det stod respekt av, då han berre hadde vore med som aktiv korpsmusikant eit halvt år, og hadde gjennomgått eitt dirgentkurs.
Den 23. mai var korpset på musikkstemne på Aure i høve "Lurlåt" sitt 50 års jubileum. Dette året arrangerte også Ikornnes Hornmusikk jonsokmoro på skuleplassen.


Hausten og vinteren 1971 vart ei sers aktiv tid for korpset. Mellom anna vart det spela på "Svanesalen" der J. E. Ekornnes Fabrikker arrangerte julebord for dei tilsette, og det vart spela på julegudsteneste i Ramstaddal og på julefest i Hundeidvik.
Korpset deltok på Sunørsstemnet i Langevåg den 4. juni 1972. Som avslutning på dette arbeidsåret vart det arrangert ein tur til Olden.


Arbeidsåret 1972-73 vart også eit aktivt år der korpset skipa til fest på Ikornnes saman med Ungdomslaget, og seinare var med på kyrkjekonsert og dei vanlege høgtidsdagane. Nemnast må og turen til Stadtlandet den 26. og 27. mai der korpset var invitert som gjestekorps på stemnet til Nordfjord Songarlag. Sesongen vart avrunda med kretsstemne i Kristiansund og deltaking på jonsokfesten på Ikornnes.


Anders Aure tok over som dirigent frå januar 1974, etter at John Kurseth hadde sagt frå at han ville slutte for å overta "Skopshorn Juniorkorps".
Song- og Musikkdagen 1974 vart arrangert av hornmusikken på Jarnes skule. Dette året vart det reist på jubileumsstemne til Fiskarstranda der korpset var innbedt. Som avslutning på arbeidsåret, var korpset ein tur til Jølster. Dei siste 9 åra har korpset hatt god framgang og medhar auka jamt.


Arbeidsåret 1974-75 vart eit svært aktivt år for laget, med 25-års jubileumsfest som høgdepunktet ved slutten av sesongen. Korpset hadde i jubileumsåret 30 aktive musikarar, med fanfarebesetning med Anders Aure som dirigent.
25-årsjubileet vart feira laurdag den 31/5 -75 på Svanesalen med innbedne gjester. Jonas Lekanger og Emil Sætre vart utnemnde til æresmedi korpset. John Sætre fekk Forbundet si FortenestemedalFor aktiv inn-sats gjennom 20 år, fekk 5 av musikarane diplom frå korpset. Leif Sjøholt fekk gåve for sin innsats som formann i 11 år og korpset sitt første styre fekk diplom. Dessutan vart Sverre Kvellaug utnemnd til Ridder av Sølvtrompeten.
Sundag 1/6 vart det skipa til kyrkjekonsert på Jarnes skule med andakt av biskop Monrad Norderval. Seinare var det oppmarsj og festkonsert saman med gjesteFiskarMusikkorps, Lurlåt og Ikornnes Juniorkorps.
Sesongen vart avslutta med ein tur til Stadt.

På årsmøtet hausten -75 vart Konrad Gjerde valgt til eit nyoppretta verv som tiltakssjef, for å styrke korpset sin økonomi. Sverre Djupvik vart vald til materialforvaltar, også eit nyoppretta verv.

Den 23/10 -75 døydde korpset sin tidlegare dirigent gjennom 13 år, John Sætre, berre ein månad etter at son hans Eldar, og saksofonist i korpset Kåre Johan Ekornes drukna ved ei tragisk ulukke. Korpset deltok i gravferdene til alle tre.
Det var elles eit aktivt år med mange speleoppdrag, m.a. spela korpset ved grunnsteinsnedlegginga for Ikornnes Kyrkje den 9. mai 1976. Aråret vart avslutta med ein busstur til O

I juni 1977 var vi invitert til Fiskarstrand Musikkorps.
Som avslutningstur dette året hadde vi valgt Valldal.

I november -77 var korpset gjestar på Skopshorn Juniorkorps sin haustkonsert. Same månaden arrangerte korpset sin eigen haustkonsert på Svanesalen, der Sykkylven Trekkspelgruppe og Hundeidvik Blandakor var gjester.
Sundag 22. januar -78 deltok korpset ved innviinga av Ikornnes Kyrkje.
Den 18. februar var det igjen musikkveld på Høgetun, med Hagardsletta Jazzband og Sykkylven Trekkspelgruppe som gjester.

Avslutningsturen dette året gjekk til Geiranger. Under midpå Union om kvelden fekk Anders Aure ei avskjedsgåve som takk for dei 4 1/2 åra han hadde vore dirigent.

Sesongen 78/79 var også eit aktivt år for korpset. Etter ferien var Arnfinn Dalhaug dirigent fram til nyttår, då Sigfred Sætre tok over. Sesongen vart avslutta med deltaking på amatørkorpsstemne i Molde.

Song- og Musikk-dagen 1980 vart arrangert av Ikornnes Hornmusikk og Ikornnes Juniorkorps i fellesskap. Det deltok 11 kor og korps. Dette året gjekk korpset tilbake til "janitsjarbesetning".
Avslutningsturen gjekk til Selje med buss. Laurdag hadde vi ein fin tur til Selje Kloster.

Hausten 1980 tok John Kurseth over som dirigent etter Sigfred Sætre. Sesongen vart opna med konsert på Jarnes skule der Fiskarstrand MusikØrskog Damekor og fiolinisten Jens Synnes var gjestar.
21/6 -81 deltok korpset på amatørkorpsstemne på Stranda, og allereie helga etter bar det av garde til Janitsjarfestivalen på Hamar. Det var ei minnerik helg med mange opplevingar.

Sesongen 81/82 forsette i same framgangen som åra før. Vi var gjestekorps på konsertane til Skopshorn Juniorkorps og Skodje Blandakor, forutan deltaking på Song- og Musikki Velledalen, og stemne i Ulsteinvik med opptak som vart sendt i NRK. Den 5/6 spela korpset ved åpninga av Ikornnes Stadion.

På vårparten 83 ga Lions Club ut "Sykkylvskassetten" der korpset deltok med Slavonic Dances, elles var det konsertar i lag med Skopshorn, Velledalskoret og Lurlåt, forutan spelingi samband med Sykkylven Kommune sitt 100-års jubileum.
Den største opplevinga dette året var nok turen til Janitsjarfestivalen på Hamar. Der deltok omlag 9000 musikantar frå 8 nasjonar.

I desember 1983 fekk korpset sin første kvinnelege leiar, Torhild Horsevik
Denne sesongen arrangerte korpset haustkonsert saman med Sunnmørsog vårkonsert saman med Velledalskoret. Våren -84 vart avslutta med kretsstemne på Molde, og Song- og Musikkdagen i Hundeidvik.
Dirigent John Kurseth fekk avløysing av Jostein Bonesmo frå hausten 84.

35-års jubileet feira Ikornnes Hornmusikk sesongen 1984/85, og no hadde korpset nådd eit høgt nivå både musikalsk og tallmessig, med 45 medlemar frå Velledalen, Straumgjerde, Sørestranda, Tusvik og Hundeidvik. Til jubileet hadde korpset skaffa seg nye uniformer, instrument og notar for til saman ca kr. 100.000,-.
Dette året deltok/arrangerte korpset 6 konsertar forutan dei vanlege speleoppdraga og i tillegg kom jubileumskonserten og Janitsjarfestival på Hamar. Adventskonserten i kyrkja vart halden saman med Message og Straumshorn Junior
Jubileumsfesten vart feira på Jarnes skule 15/6 med godt frammøte.

Musikklaget ULF i Ulsteinvik var gjestekorps på ein konsert i Hundeidvik grendahus i november -85, og Ikornnes Hornmusikk var gjestar hos ULF i mars på Musikk-Cafe i Ulsteinvik.
"Syng-Med-Oss" vart arrangert fyrste gong i kyrkja 22/12-85. Korpset spela kjende juletonar, og det var allsong til orgelakk. av Rose Stave og kornettsolist Dagfinn Stave.
Dessutan arrangerte korpset Bach / Hän- konsert, Vårkonsert i Velledalen og konsert i Hundeidvik. Vi deltok og i jubileumskontil Ikornnes Juniorkorps (20 år) og var på konsert saman med "Gjallarhorn" på Emblem. Song- og Musikkdagen 1986 vart arrangert saman med Ikornnes Juniorkorps. Det deltok tilsaman 500 aktive frå 13 kor og korps.

Jostein Bonesmo fekk korpset med på å gå nye vegar, og hausten -86 vart det skipa konsert på Samfunnshuset saman med Corrado Genta og orkesteret hans.
Det var no mange gode musikarar i korpset, og våren 87 vart det arsolistkonsert både på Ikornnes og i Velledalen. Forutan solistar frå korpset, deltok Kari Strømmegjerde på piano og operasongerinna Christine Teborg som solistar saman med korpset.
Sesongen vart avslutta med tur til Vågå, der det vart halde årsmøte.


Jonas Lekanger, som var æresmedlem i korpset og ein av dei som har lagt ned mest arbeid i Ikornnes Hornmusikk sidan korpset vart starta, døydde i september -87 og korpset spela i gravferda hans. Han var fyrste formannen i korpset, og var aktiv medlem til langt opp i pensjonsalderen.

Så vidt inn i 1988 arrangerte korpset Nyttårskonsert i Velledalen for ein fullsett sal. Bergljot Hjorthol var programleiar, og elles med i programmet var Nils Naasen på trekkspel og Jan Eldar Lyngvær som solist på baryton. Naasen og Hallstein Kurseth hadde ein spesialav Champagnegaloppen og Bjørg Frøystad Hole m. fl. hadde ballettinntil tonar frå korpset. I referatet til Sykkylvsbladet hevdar journalisten at "Ikornnes Horner det beste korpset i kommunen".
For fyrste gong deltok korpset i konkurransespeling. Under Korpscupen 88 i Volda fekk korpset 2. plass i 2. divisjon med 94 poeng, 3,5 poeng etter Ynglingeforeningen i Kristiansund. Dette vart ein stor inspirasjon for alle som var med, og vart fylgt opp med ein konsert i Velledalen saman med 2. premievinnarane av 1. divisjon, Musikklaget Brage.
Sesongen vart avslutta med kretsstemne på Åndalsnes. Song- og Musikkdagen vart avvikla helga etter i Velledalen.

I høve opninga av ny skogsveg til Straumsdalen i august -88, deltok korpset med marsjspeling. Vi spela og på opninga av Ålesund Utstillingssenter der Ekornes Fabrikker var første utstiller.
Musikk-Cabareten som korpset arrangerte 19/11 var ei framføring av populærmusikk frå 1920 og fram til i dag. På cabareten framførte vi melodiar saman med dixieland-band, piano, rocke-sangar og andre sang Dessutan var det innlagt andre effektar som danseinnvideo og skyggebilde. Ivar Tynes var programleiar og solist. Korpset viste her at det kunne gå nye vegar, og det vart så godt mottatt at cabareten vart oppsett i reprise i januar 89.
Korpset spela elles på den tradisjonelle julekonserten, Syng med oss og på gusteneste 2. juledag.
Den 15/4 arrangerte vi konserten "Blanda Drops" i Velledalen Grendahus med eit samansett storkorps av Ikornnes Hornmusikk og Ikornnes Junior På denne konserten fekk Svein Flaate overrekt Norges Musikkorps Forbund si fortenestemedalje.

17. mai -89 vart feira på tradisjonelt vis, og korpset spela på Ikornnes, Straumgjerde og ved gudsteneste i Ikornnes kyrkje. Song- og Musikk-dagen vart arrangert i Hundeidvik, og korpset deltok denne gongen saman med Ikornnes Juniorkorps, sidan vi nyleg hadde hatt ein felleskonsert ilag.
Sesongen vart avslutta med ein tur til Straumsdalen med hyggekveld på hytta til dirigenten.

Sesongen 89-90 starta 17/8 med ca 15 nye medlemar. Allereie 2 dagar seinare deltok korpset på musikkarneval i Ålesund for å lage liv under opninga av Ålesundsdagane.
Vi reiste utover saman med Sykkylven Blandakor, som skulle synge saman med "Ikornnes Salsalag", ei undergruppe i Ikornnes Hornmusikk. Både songarar og musikarar var svært så oppdressa, og deltakarane frå Sykkylven stal showet. Forutan gåve frå ei elektrisk forretning, fekk Ikornnes Hornmusikk og Salsagruppa premie for "Beste Musikkinnslag" og "Beste Karnevalsinnslag". "Ålesundsprisen" vart delt mellom Sykkylven Blandakor og Ikornnes Hornmusikk.
Tradisjonen tru spela korpset på musikkpaviljongen, og hadde tombola etterpå. Ei gruppe frå korpset spela på Sjuke-og Aldersheimen.
11. og 12. november arrangerte korpset haustkonsert på Velledalen Grendahus. Temaet var filmmusikk. Jan Ove Skogvold leia den vellukka konserten, der det óg var små sketsjar som passa til musikk.
Korpset har lagt stor vekt på at det skulle vere eit godt sosialt samvær mellom medlemane, og som ein ledd i dette vart det arrangert julebord for medlemane på Sjølyst.
Den 10/12 arrangerte korpset og Hundeidvik Blandakor konsert i Ikornnes Kyrkje saman med sangsolisten Christine Teborg. 2. juledag spela korpset under gudstenesta på Ikornnes.
Korpscupen 1990 vart arrangert på Sjøholt 27. januar. Vi deltok i 2. divisjon janitsjar og syntest at vi spelte godt, sjølv om vi hamna på 7. plass med 88 poeng.

40-årsjubileet vart feira laurdag den 31. Mars 1990 på Velledalen Grendahus med innbedne gjester.
Ingrid Andersen, Sverre Djupvik og Jens Petter Sætre fekk Norges Musikkorps Forbund si
Fortenestemedalje. Medaljene vart overrekt av Terje Eiken, formann i Sunnmøre Hornmusikklag.
For aktiv innsats gjennom 20 år, fekk Egil Røyseth diplom frå korpset.


Etter ein aktiv jubileumssesong var det ca halvparten av medlemane i korpset som slutta. Dirigenten, Josten Bonesmo slutta også etter jubileumssesongen.

Korpset starta såleis sesongen med ny dirigent. Henning Johnsen var dirigent frå hausten og til i november -90. Vi hadde lite folk, og hadde håpa på at han kunne trekke nye medlemar til korpset, men dette viste seg ikkje å fungere. Likevel arrangerte vi konsert i Velledalen Grendahus den 17/11 med Njål Vindenes,ballett og solister.

Nils Naasen overtok som dirigent etter konserten. Våren 91 hadde vi konsert på Høgetun. Arild Kvenseth spela steelgitar, Kjell Stave sang og Frank W. Utgård spela gitar.


Leif Sjøholt døydde 2. Mars 1991.
Han hadde vore med i over 30 år frå korpset vart starta i 1950. Leif var ei eldsjel som levde og ånda for hornmusikken. Han var formann i korpset i 11 år og styremedlem i ytterligare 3 år. For denne innsatsen fekk han Norges Musikkorps Forbund si Fortenestemedalje for fortenestefullt korpsarbeid.

Sesongen vart avslutta med ein tur med hurtigruta til Bodø 8. - 12. mai. Turen vart svært vellukka, ikkje minst med tanke på det sosiale.


Vi starta sesongen 91/92 med fyrste øvinga 22. aug. som vanleg på Jarnes skule, men under vår «nye» dirigent Jostein Bonesmo. 24. August var det «Bli-Kjent-Fest» på ungdomshuset «Høgetun». Medlemstalet tok seg no opp igjen, og dirigenten hadde mykje av æra for dette. Korpset hadde 34 aktive i sesongen.

16/11 arrangerte vi konsert i Hundeidvik med Ketil Rasmussen og Beate Slettvold Lech. Temaet var «Musicals». Etter konserten var det off. dans. Denne konserten tok vi oppatt i februar, og hadde med dei same artistane til Vatne og Velledalen. I mars hadde vi konsert i Straumgjerde saman med Straumshorn Juniorkorps / Velledalen skulekorps, forutan at vi arrangerte musikkkafè på Jarnes skule.

Sesongen vart avslutta med deltaking på amatørkorpsstemne i Valldal, der vi deltok på friluftskonsert og kyrkjekonsert forutan oppmarsj på laurdag og sundag. Vi var og på utflukt til Tafjord, med besøk på Sakariasdammen og friluftsbadet.


Korpset arrangerte ein «Glitrande førjulskonsert» i Sykkylven Kyrkje den 7/12 .92 der vi samla meir enn 900 tilhøyrarar. Eit veltrimma korps med sin trufaste dirigent Jostein Bonesmo, hadde verkeleg slått på stortromma. Elisabeth Andreasson, saman med komponist og musikar Rolv Løvland, og våre lokale sangsolistar Leif Atle Strand og Hallstein Kurseth sytte for suksess, og ståande applaus vitna om at det var ei minnerik musikkoppleving.

27/3 var vi gjestekorps hos Hasund og Dimmnøy Ungdomskorps. Caroline Hjellegjerde var med og sang «Har en drøm». Thomas Heggdal var med og spela piano.

Årsmøtet vart avvikla på Hotel Leon den 4. Juni, men sesongen var ikkje slutt med det. Vi deltok på barnekarneval på Aure, der vi saman med Ikornnes Juniorkorps sto ansvarleg for sambarytmene, og på Sang og Musikkdagen spela vi også saman med Ikornnes Juniorkorps. Rune Bergmann og Jan Lade var solistar, og Caroline Hjellegjerde sang saman med korpset.

-27. juni deltok vi på «Spill Levende» på Gjøvik. Vi reiste saman med Ikornnes Juniorkorps og hadde konsert saman med dei i Jernbaneparken i Gjøvik, forutan at vi deltok på oppmarsjar og var på fleire konsertar og underhaldningsarrangement både i Gjøvik og på Lillehammer. Salsalaget spela i Gjøvik sentrum, og etterpå marsjerte korpset gjennom rådhuset og spelte sambamusikk.

7. juli spela Ikornnes Salsalag på Aure.



14. november 93 hadde korpset konsert i Sykkylven Storhall m/ Tor Endresen. Vi selde 556 billettar ,i tillegg var det nokre gratisbillettar. Programleiar og ein av dei medverkande var Ketil Rasmussen. Andre medverkande artistar var Leif Atle Strand som m.a. song ein duett frå Operafantomet med Ingrid Remø Furseth, Rune Bergmann (song), Corrado Genta (piano) og Frank W. Utgård (gitar). Konseten fekk svært god omtale både i Sykkylvsbladet («Spenstig og elegant konsert»)og Sunnmørsposten, som m.a. skreiv: «Og musikkorpset, med eit stort innslag av heilt unge og dyktige musikarar, skapte storbandstemning med presisjon og «trøkk».

Laurdag 22/1-94 var korpset teknisk arrangør for Ungdommens Kulturmønstring i Storhallen.Dette var eit stort arrangement som kravde full innsats av heile korpset frå torsdag til søndag. Korpset hadde dessutan ansvaret for alt kiosksalg.


19., 26. Og 30. Mars spela ei storbandgruppe frå korpset under revyen i Hundeidvik og på Aure.

På Jostein Bonesmo sin 50-årsdag som vart feira på Sykkylven Samfunnshus i april var korpset med og spela.

27. april hadde vi konsert saman med koret Blue Castello på Arbeideren i Ålesund, og 30. april hadde vi same konserten i Velledalen Grendahus. Det var bra oppmøte, ca 250 i Arbeideren, og 150 - 200 i Velledalen. Konsertane var svært vellukka.

Helga 28. - 29. Mai var korpset på tur til Hornindal, med overnatting på Raftevolds Hotel. Laurdag hadde vi konsert på Hornindal Barne- og Ungdomsskule saman med skulekorpset i Hornindal.

Under landsstemnet til Noregs Ungdomslag 1/7 spela korpset i gjøglartog i Aure sentrum.



26. og 27. novbr. hadde vi konsert saman med Norsk Vokalgruppe i Borgund Kirke og i Sykkylven Kyrkje. I Borgund var det ca 100 frammøtte, men dei som hadde møtt fram hadde det svært hyggeleg. I Sykkylven var det mykje betre frammøte. Per Oddvar Hildre som var dirigent for koret var programleiar, og programmet varierte frå salmesong, soul, negro spirituals og jazz.

Den 11/2-95 arrangerte vi musikkafe på Hundeidvik Grendahus med Skopshorn Juniorkorps som gjestar.

17. - 19. mars var vi medarrangør for Ungdommens Kulturmønstring si fylkesmønstring, der vi gjorde ein god jobb.

I samband med Sang- og Musikkdagane 26. mars spela korpset saman med m.a. Lurlåt på Sykkylven Samfunnshus.

Den tradisjonelle vårkonserten vart i år halden i Velledalen Grendahus, der Leif Atle Strand og Corrado Genta var solistar.

Sesongen 94/95 vart avslutta med tur til Sogndal 2. - 4. juni, med speling i Sogndal sentrum laurdag. Årsmøtet vart avvikla 3. Juni på Sogndal Hotel.


26/10-95 hadde vi konsert i Velledalen Grendahus med Ingeborg Rørvik som solist. Det var godt frammøte og ein vellukka konsert.
Både korpset og sangsolisten imponerte stort med svingande toner under ein minnerik konsert. Musikarane varta opp med storbandmusikk av solid merke, medan songsolisten frå Volda inspirerte med sine tolkingar av kjende songar frå amerikansk «musikkhistorie». Andre solistar var Odd Arne Oseberg på saksofon.

23/3-96 hadde vi konsert i Hundeidvik med lokale artistar. Gruppa High Five deltok med sang og musikk.

Dirigent for sesongen har også dette året vore Jostein Bonesmo. Han har diverre valgt å seie nei til å vere med oss vidare. Styret vil nytte høvet til å takke han for det arbeidet han har lagt ned denne sesongen, og i alle dei 11 åra han trufast har stått på for Ikornnes Hornmusikk.Korpset hadde i sesongen 30 aktive musikarar.

Etter å ha spelt baryton i korpset i mange år tok Helge Johan Knotten over som dirigent høsten 96.Sesongen 96/97 arrangerte vi to musikk-caféar. Vi arrangerte dessutan «Syng med oss»- konsert i Ikornnes kyrkje før jul, og i månadsskiftet jan/febr var vi teknisk arrangør for Ungdommens Kulturmønstring.

6.-8. juni deltok vi på stemne på Stryn. Vi bodde på Kleivenes Camping i Oppstryn. Forutan korpset si deltaking, spela Jazz-gruppa vår på Johans Pub.


16/11-97 hadde vi konsert på Stranda, og helga etterpå hadde vi musikkcafé saman med Velledalskoret på Velledalen Grendahus.
Sangens og Musikkens dag vart avvikla i Velledalen 15/3, og 26/4 arrangerte vi igjen musikkcafé på Høgetun.
17. mai spela vi både på Ikornnes og i Straumgjerde p.g.a. at det var så mange medlemar derifrå.

Mykje av arbeidsinnsatsen vår dette året gjekk med til å arrangere amatørkorpsstemne som vart avvikla på Aure helga 6. og 7. juni. Sjølv måtte vi la korpsinstrumenta ligge for å ta oss av det arrangementsmessige. Sjølv om vi kunne ønskje at fleire korps deltok, kunne vi i alle høve glede oss over bra kvalitet på dei 8 deltakande korpsa. Dessutan kom ogå sommarveret med korpsa som marsjerte gjennom gatene då stemnet opna laurdag. Korpsleiaren Odd Martin Riksheim sto for den offisielle opninga av stemnet, og dessutan var det velkomshelsing frå ordførar Helgheim.
I løpet av dei to dagane i Sykkylven, var korpsa gjennom eit omfattande stemneprogram. Etter underhaldninga i Auregatene laurdag, var det konsert på Samfunnshuset. Søndag var det gudsteneste, oppmarsj og framføring av fellesnummer som sto på programmet.
Vi fekk svært god tilbakemelding frå korpsa. Dei hadde likt seg godt, og ville gjerne kome tilbake.

Helge Knotten slutta som dirigent etter denne sesongen, etter 2 år med dirigentstokken.


Under sin nye dirigent Kjell Stave starta korpset på ny frisk 24/8-98.
24.-25/10 hadde vi kombinert «Bli-Kjent-Fest» og øvingshelg på Sæbø. Dette vart ein svært vellukka tur.Korpset hadde ikkje nokon egen konsert denne hausten men deltok på den tradisjonelle kyrkjekonserten i Desember og deltok også 2 juledagi Ikornnes kykje


I slutten av januar 1999 var vi igjen tekn. arr. av Ungdommens Kulturmønstring.

9. mai arrangerte vi arrangerte vi musikk-café på Jarnes skule, og 17 mai spela vi saman med Juniorkorpset på grunn av mannskapsmangel.Hausten 1999 hadde korpset ingen arrangemang , korpset sleit med ei ujamn besetnig og det var derfor vanskelig å få laga til nokon konsert. Einaste oppdrag denne hausten var den tradisjonelle kyrkjekonserten i Desember
I samarbeid med Juniorkopset vart det arrangert korpscafé på Jarnes skule 26/3. Ei veke seinare spela korpset på korpscafé på Aure, der Sykkylven Sang og Musikkråd var arrangør.

50-års jubileet vart markert med jubileumskonsert i Velledalen Grendahus den 27/5.Korpset framførte eit variert program, ei blanding av arkivstoff som korpset hadde spelt i gjennom desse 50 åra og nye ting. Halstein Kurseth var med som sangsolist og sang " Mr.Sandman" og "Someone to watch over me". Kristen Hunnes spelte trompetsolo på " Norge mitt Norge" I tillegg fekk korpset hjelp av Sveinung Utgård på el.bass og Dan Brunstad på slagverk. Sykkylven Storband var invitert som gjester og hadde ei eiga avdeling under konserten.Sykkylvsbladet skreiv etter konserten:
" Ikornnes Hornmusikk viste att korpset er høgst oppegåande ,då korpset inviterte til jubileumskonsertpå Velledalen Grendahus laurdagskvelden. Korpset sytte sjølv for eit variert og godt jubileumsprogram, samstundes som konserten var krydra med innslag fra både solistar, gjestemusikarar og storbandrytmer fra Sykkylven Storband. Både dirigent Stave og resten av korpset kan vere svært godt nøgd med programmet som vart framført.Musikkalsk synte jubileumskonserten klare teikn på at Ikornnes Hornmusikk er på veg oppover."

Årsmøte vart halde på Straumen den 08.06.00, der Sverre Djupvik vart valgt til ny leiar.

Etter to år som dirigent slutta Kjell Stave og fra hausten 2000 tok Jostein Bonesmo over som dirigent for korpset.
Hausten var tung for korpset med lite folk og dårlig oppmøte,men korset deltok likevel i åpninga av Sykkylvsbrua den 14.10 og arrangerte en "syng med oss" konsert den 25/11 i Ikornnes Kyrkje. Det blei en meget fin konsert der publikum fekk synge med på dei tradisjonelle julesangane med Hallstein Kurseth som forsanger. Korpset spelte og andre julemelodier samt endel av dei amerikanske julesviskene der Hallstein var sangsolist.Høgdepunktet blei likevel Nordnorsk julesalme der Hallstein sang og spelte gitar i lag med korpset, denne måtte korpset framføre to gonger.

Korpset deltok på den tradisjonelle kyrkjekonserten i Desember , denne gangen i Ikornnes Kykje.

Vårsesongen 2001 starta med at korpset var gjester på Hundeidvik blandakor sin 130 års jubileumskonsert den 24/2 i Ikornnes Kykje, korpset spelte ei avdeling for seg sjølv og to fellesnummer med koret.
I samarbeid med Sykkylven storband arrangerte korpset konserten "Musikalske perler"på Velledalen grendahus den 21/4. Korpset og storbandet var for annledniga slått saman , men storbandet hadde også ei eiga avdeling. Hallstein Kurseth deltok og som sangsolist på endel melodier.Sykkylvsbladet skreiv : "Under dirigent Jostein Bonesmo fekk ein mest fullsett sal servert musikkstykke fra kjende filmar og musikaler, og ellers storbandmusikk og andre perler fra kjende artistar og komponistar som har vore med å sette sitt preg på den musikalske himmelen dei siste hundre åra. I det heile vart det ein variert og fin konsert med Ikornnes hornmusikk og Sykkylven storband."

17. Mai spelte korpset sammen med Ikornnes Juniorkorps på grunn av mannskapsmangel

Årsmøte vart halde på Straumen den 08.06.01, der Terje Riksheim vart valgt til ny leiar.
Dei blei og bestemt å endre årsmøta til Januar for å følge kalenderåret.

Høsten starta med oppkjøring til konsert med ein kjent artist men så blei dirigenten vår Jostein Bonesmo sjukemeldt og konserten måtte avlysast. Kjell Stave overtok dirigentrolla medan Jostein var sjukemeldt.

Korpset sleit med besetninga og oppmøte på øvingane var fra 12 til 23 medlemer.

1.desemer spelte korpset utanfor Snarkjøp der butikken inviterte bygdefolket på julefrokost.
16. Desember deltok korpset på den tradisjonelle Julekonserten i Ikornnes Kyrkje.

På grunn av det lave medlemstalet var de ikkje mulig å få til så mykje våren 2002 men korpset deltok på sang og musikkdagane 10. mars og hadde og ein egen konsert på Høgetun den7.April.

Høsten 2002 var det kun 10 medlemer igjen og Kjell Stave ønskte ikkje lenger å fortsette som dirigent, det blei vurdert å legge ned drifta men styret klarte å få Trond Otto Berg fra Strand til å ta over som dirigent. Det blei og vedtatt å satse på brass besetning.
Korpset hadde ingen egen konsert denne høsten men innleia eit samarbeid med Credo brass og spelte saman med dei på julekonserten i Sykkylven Kyrkje.

Årsmøtet blei avholdt 24.01.03, her blei Kristine Abelseth valgt til ny leiar.
Det hadde kome inn forslag om å legge ned drifta av korpset og dette blei enstemmig vedtatt.

Styret konstituerte seg på styremøte 6.2.03 og diskuterte om det var grunnlag for videre drift, men kom til at det ikkje var mulig å drive videre.
for å legge ned korpset må det vedtakast på to årsmøter og styre vedtok å kalle inn til nytt årsmøte 05.06.2003.

På årsmøtet 05.06.2003 møtte alle gjenværende medlemer og nedlegginga av korpset blei enstemmig vedtatt. Det blei satt ned ei arbedsgruppe beståande av dei 3 siste leiarane som skulle ta vare på korpsets eigendeler i henhold til korpsets vedtekter.







Back to content | Back to main menu